Planprosessen

Planprosessen

Planprosessen følgjer plan- og bygningslova, og er ein lang prosess med mange steg. Prosessen skal sikre at vi får fram konsekvensane av planen, både positive og negative, og at dei som blir påverka av planen får mogelegheit til å seie meininga si. Ein reguleringsplan skal utarbeidast av ein fagkyndig.  

 

1. Bestille oppstartsmøte og sende inn planinitiativ 
Ein fagkyndig plankonsulent sender på vegne av forslagstillar (privat grunneigar eller tiltakshavar/utbygger) inn eit planinitiativ, og bestiller oppstartsmøte. Du kan eventuelt bestille eit avklarings-/rettleiingsmøte for å avklare føresetnadane for planarbeidet før oppstartsmøtet. 

Les meir om korleis du kan starte eit planarbeid: Starte eit planarbeid   

 

2. Vurdere planinitiativet 
Administrasjonen vurderer om vi skal anbefale planinitiativet eller stoppe det. Det kan og vere at vi heller gir deg råd om å ha et avklarings-/rettleiingsmøte før oppstartsmøtet. Dersom vi tilrår å stoppe planinitiativet vert det som regel lagt fram til politisk handsaming. 

 

3. Gjennomføre oppstartsmøtet 
I oppstartsmøtet går vi gjennom alle tema som er nødvendige for å avklare føresetnadane for planarbeidet og utforming av det endelege planforslaget. Vi tek stilling til om vi kan tilrå at du kan starte opp planarbeidet eller ikkje, og om det er krav til konsekvensutredning. Formannskapet tek endeleg stilling til om planarbeidet kan startast opp. 

Forslagsstillar må betale gebyr for oppstartsmøtet. Vi sender faktura etter at møtet er gjennomført. 

Informasjon om gebyr for oppstart av planarbeid kan du finne her: Kva kostar det? 

 

4. Kunngjere og varsle planoppstarten 
Du som er forslagsstillar/plankonsulent varslar planoppstart i ei avis som vert lest i området (avisa Møre, Fjordingen eller Sunnmørsposten), og sender brev til grunneigarar, naboar og aktuelle offentlege og private instansar. Vi i kommunen kunngjer planoppstarten på kommunen si heimeside. Alle kan så komme med innspel til planarbeidet, som du som er privat forslagsstillar må vurdere korleis du skal ta omsyn til i planforslaget. 

Les meir om korleis du kan kome med innspel til planarbeidet: Når kan du påverke reguleringsplanen?   

 

5. Lage planforslaget og ha arbeidsmøter 
Fagkyndig plankonsulent lagar på vegne av forslagsstillaren eit planforslag. Vi anbefaler at konsulenten har god dialog med oss i kommunen, gjerne i form av arbeidsmøte(r). Jamnlege arbeids- og avklaringsmøter kan redusere behovet for stadige omarbeidingar av planforslaget.  

 

6. Levere planforslaget første gang 
Når forslaget til reguleringsplan er laga ferdig, sender fagkyndig plankonsulent det til oss. Eit komplett planforslag skal ha med eit oversendingsbrev, plankart, planføresegner, planomtale, risiko- og sårbarheitsanalyse, aktuelle fagrapportar, illustrasjonsmateriale med meir. Dei innspela som kom inn ved planoppstart, skal og leggast ved planforslaget. Planomtalen skal gjere greie for korleis innspela er vurdert og følgt opp i planforslaget. 

Planomtalen og føresegner skal utarbeidast i samsvar med nasjonale malar for reguleringsplanar. 

regjeringen.no finn du nasjonale malar for reguleringsplanar. 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har utarbeidd sjekkliste for samfunnstryggleik som kan nyttast som utgangspunkt for ROS-analyse. Desse finn du på Statsforvaltaren sine nettsider.

  

7. Handsame planforslaget - tolv veker (førstegongshandsaming) 
Vi vurderer innhaldet i planforslaget og om det kan bli lagt ut til offentleg ettersyn eller ikkje. Dersom det er manglar, sender vi det tilbake til fagkyndig plankonsulent slik at han kan rette det. Når planforslaget er komplett, lagar vi saksframlegg til formannskapet. Formannskapet handsamar saka, og gjer vedtak om planforslaget skal bli lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring eller ikkje. Vedtaket kan innehalde krav om å rette planmaterialet før det vert lagt ut til ettersyn.  

Forslagsstillaren må betale gebyr for handsaming av planforslag. Plangebyret vert berekna ut i frå dei satsane som gjeld på det tidspunktet vi får eit komplett planforslag. Gebyret vert rekna etter størrelsen på planarealet (arealgebyr) og omfanget av nytt bruksareal eller bruksareal som endrar formål. 

I kommunen sin økonomiplan finn du kommunen si forskrift om gebyr for private planar (under overskrifta plan, bygg og eigarseksjonar).

Her kjem du direkte til betalingssatsane: Kva kostar det?

 

8. Høyring og offentleg ettersyn - minimum seks veker 
Vi sender planforslaget på høyring og legg det ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. Det vert satt lenger frist hvis høyringa er i høgtider eller i sommarferien. Planforslaget blir nå tilgjengeleg på kommunen sine nettsider. Vi varslar om offentleg ettersyn i lokalavisa. Naboer, grunneigarar og offentlege og private instansar vert varsla med brev. Alle kan komme med uttale/merknad til eit reguleringsplanforslag. 

Les meir om korleis du kan kome med merknad til plan: Når kan du påverke reguleringsplanen?   

 

9. Bearbeide planforslaget 
Når høyringsfristen er ute, sender vi merknadane til plankonsulenten. Fagkyndig plankonsulent må gjere greie for korleis uttalane er vurdert og korleis dei ser for seg at dei kan følgjast opp i forslaget, og sende det til oss. Vi har gjerne ha eit merknadsmøte der kommunen og plankonsulenten ser på merknadane saman.  

Dersom det er motsegner frå regionale og statlege mynde, vil vi og måtte avklare korleis vi skal handtere desse. Dette kan bety at vi involverer både den politiske leiinga i kommunen og dei  som har fremma motsegna. 

 

10. Handsame planen administrativt - tolv veker (andregongshandsaming) 
Fagkyndig plankonsulent sender over endra planforslag til kommunen slik at vi kan handsame det. Administrasjonen vurderer og tar endeleg stilling til det reviderte planforslaget. Sakshandsamar lagar saksframlegg med kommunedirektøren sine vurderingar og konklusjonar. Saken vil vere tilgjengeleg via den politiske møteplanen på heimesidene til kommunen om lag ei veke før møtet i formannskapet.  

 

11. Behandle saken politisk og gjere vedtak – tolv veker 
Plansaken vert handsama i formannskapet som vedtek ei tilråding til kommunestyret. Kommunestyret gjer vedtak om å godkjenne forslaget til reguleringsplan, eller dei kan eventuelt bestemme seg for å ikkje å vedta planforslaget.  

 

12. Kunngjere vedtaket 
Vi kunngjer vedtaket på kommunen sine heimesider og i ei aktuell lokalavis, og sender brev til  partene. Dersom politikarane har vedteke planen med endringar, må plankonsulenten revidere planmaterialet, før vi kunngjer vedtaket. 

 

13. Behandle eventuell klage 
Berørte parter kan klage på reguleringsplanvedtaket. Klagen må sendast til kommunen, som vurderer om den innehelder moment som er relevant for vedtaket. Klagesaken legg vi fram for handsaming i formannskapet. Dei gjer vedtak om dei vil ta klagen heilt eller delvis til følge, eller om den ikkje vert teke til følge. Dei kan også velgje å avvise klagen. Dersom den ikkje blir tatt til følge, og sender vi klagen til Statsforvaltaren for endeleg handsaming. 

Du kan lese meir om klage her: Klage