Bustadtomter B58 – Øvre Heltne

Bustadtomter B58 – Øvre Heltne

Volda kommune har lagt ut for sal 5 tomter for private søkjarar og 1 tomt for konsentrert utbygging i felt B58 Øvre Heltne.

Søknadsfristen er sett til 31. januar 2024. Ved ledige tomter etter første tildelingsrunde, vert tomtene tildelt løpande etter søknad.

Pris på tomtene vart fastsett av kommunestyret 14. desember 2023 slik:

  • Einebustadtomter: 1552 kroner per kvadratmeter
  • Konsentrerte tomter: 2177 kroner per kvadratmeter

 

Tomtene ligg i eit populært bustadfelt med gode solforhold og utsikt

Tomtene ligg i eit populært bustadfelt med gode solforhold og utsikt over Volda sentrum og Voldafjorden. Feltet har nærleik til barnehage, skule, idrettsanlegg og sentrum.

Bilete frå tomtene på ØVre Heltne med flott utsikt over Volda - Klikk for stort bilete Volda kommune

Tomtekart:

Tomtekart over Øvre Heltne - Klikk for stort bilete Kart

 

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument