Velferdsteknologi

Velferdsteknologi

Kva er velferdsteknologi?

Velferdsteknologi er teknologi som skal bidra til ein tryggare og meir handterleg kvardag. Dei fleste av oss nytter ulik teknologi som støtte i dagleglivet, til dømes smarttelefonar, appar og robotklipparar. På same måte tek ein i bruk teknologi i den offentlige helsetenesta i stadig større grad, og denne teknologien har fått namnet velferdsteknologi. Volda kommune tilbyr velferdsteknologi til støtte og tryggleik for brukarar slik at dei skal meistre kvardagen sin best mogleg. Kommunen nytter også velferdsteknologi som arbeidsreiskap for dei tilsette slik at vi kan gje gode og tilpassa tenester.


Volda kommune har tatt del i Nasjonalt velferdsteknologiprogram i regi av Helsedirektoratet sidan 2017. Velferdsteknologi er ein del av kommunen sitt ordinære tenestetilbod.

Karianne er klar til å ta imot besøkande på visningsromet ved Volda omsorgssenter

  
Ved spørsmål eller behov for råd om velferdsteknologi, ta kontakt med vår koordinator for velferdsteknologi Karianne Sveen Orvik på telefon 90822627 eller e-post karianne.orvik@volda.kommune.no. Vi har eit visningsrom på Volda Omsorgssenter der ein kan få komme og sjå og prøve ulike teknologiske hjelpemiddel.

 

 

 

 

 

 

 

Tryggleiksalarm

 

Digitale tryggleiksalarmar til bruk i eigen heim tildeles etter søknad. Søknadsskjema finn du her.  

 

Tryggleiksalarm er eit hjelpemiddel for den som treng moglegheit til å tilkalle hjelp med ein alarmknapp. Når ein trykker på alarmknappen vert det oppretta det forbindelse med heimetenesta. Heimetenesta tek anten kontakt direkte med brukaren eller med pårørande, og sett i verk naudsynte tiltak. Brukarar som bur meir enn 15 minutt køyretid frå Volda sentrum eller Grodås, må ha pårørande eller nabo som kan samarbeide med heimetenesta ved utløyst alarm.

 
Digital tryggleiksalarm har eige SIM-kort og krev ikkje at brukar har eigen telefon eller internett. Den er primært til bruk innandørs, men har som oftast rekkevidde til hage/inngangsparti.  

 

Betalingssats for tryggleiksalarm er 400 kr per månad. I tillegg kjem eingongskostnad på kjøp og montering av nøkkelboks på kr 350, dersom personen ikkje har nøkkelboks frå før. 
 

GPS

GPS er eit hjelpemiddel for å lokalisere ein person. Volda kommune tilbyr utlån av GPS til personar med demens eller som av andre aktuelle årsaker er hindra frå å bevege seg sjølvstendig utandørs. Våre GPSar har også ein alarmknapp som kan nyttast til å tilkalle hjelp. For å få låne GPS frå kommunen er det ein føresetnad at ein har pårørande som kan ta imot varsel og oppringing frå GPSen. Mange treng også hjelp av pårørande til å passe på lading. 


Volda nytter leverandøren Safemate. Vi har både GPS-klokker og GPS til å ha i lomme eller rundt halsen. Ein kan også kjøpe utstyret som privatperson.

Ta kontakt med koordinator Karianne Orvik på 90822627 dersom du ønsker meir informasjon.

Digitale tilsyn

 Digitale tilsyn er eit supplement til fysiske tilsyn frå personalet på sjukeheim eller i heimeteneste. Det kan vere utstyr som følger med på om ein bebuar er i senga si på natta eller om nokon har falt. Det finst fleire typar av slik teknologi. Volda nytter per i dag sensoren Somnofy i nokre avdelingar. Den nytter radar-teknologi til å måle bevegelse, og har fleire bruksområder. 

Medisineringsstøtte

Heimetenesta nytter i noko grad elektroniske medisindispenserar til brukarar som ønsker dette og der dette er ei hensiktsmessig løysing for tenesta. 

Per i dag er det medisindispenseren Karie som er i bruk hos oss. Du kan lese meir om denne på https://dignio.com/no/karie/.

Digital kommunikasjon

Heimetenesta i Volda kommune vil prøve ut teknologi som kan nyttast til å kommunisere med brukarar som ønsker kontakt via videosamtale.

 
Eit godt tips til familiar med eldre familiemedlem er å sjå på produktet KOMP. Dette er ein skjerm tilpassa dei med minst teknologisk kompetanse. Den kan ein nytte til bildedeling, videosamtale, kalender, beskjedar og vêrmelding. Kommunen har ein slik KOMP på visningsrommet ved Volda omsorgssenter. Der kan ein kome og sjå korleis den fungerer. KOMP kjøpast privat på noisolation.no

 

For nærare info eller avtale om visning ta kontakt med Karianne Sveen Orvik på tlf 90822627.

Komfyrvakt

Komfyrvakt kan søkast om frå Nav hjelpemiddelsentral dersom ein har hukommelsesvanskar. Ein kan ta kontakt med ergoterapeut eller med hukommelsesteamet . 

Elektronisk klokke og kalender

Den finst forskjellige løysingar for den som har vanskar med tidsorientering og organisering av kvardagen. Mange med demens kan ha nytte av ein enkel skjerm som viser klokke, vekedag, dato og tid på døgnet. Andre kan ha behov for meir avanserte skjermar eller appar for planlegging og struktur i kvardagen. Ta kontakt med ergoterapeut eller med hukommelsesteamet. Eit utval av hjelpemidla kan søkast gjennom Nav hjelpemiddelsentral. Døme på leverandørar av slike hjelpemiddel er Abilia og Vestfold Audio.

Digital heimeoppfølging

Volda kommune er vertskommune for eit nytt prosjekt som har fått namnet «Måling og meistring – digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre». Prosjektet eit samarbeid mellom Volda sjukehus, Volda kommune, Ulstein kommune, Ørsta kommune, fastlegar i kommunane og Sjustjerna Helse og omsorg.

Prosjektet har fått prosjektmiddel frå helsedirektoratet og vil bli leda frå Søre Sunnmøre legevakt. Prosjektet startar opp hausten 2022. Prosjektet skal jobbe med innføring av digital heimeoppfølging som eit tilbod til kronisk sjuke.

Digital heimeoppfølging går ut på at brukarane har måleutstyr og nettbrett heime, og jamleg tek målingar av t.d. blodtrykk, blodsukker og temperatur, og svarer på spørsmål om helsetilstanden.

Målingane blir registrert automatisk i ein app og kan lesast av av helsepersonell. Målet er at brukarane skal oppleve auka meistring og tryggleik, og at forverring i helsetilstand skal bli oppdaga tidleg og handtert hensiktsmessig.

Legevakta vil stå for den daglege oppfølginga av tilbodet, og vere i tett kontakt med fastlege, sjukehus og kommunal heimeteneste.

Digital heimeoppfølging er eit nasjonalt satsingsområde, og det ligg føre feire rapportar som viser effekt av slike tilbod.

Du kan lese meir på: https://www.helsedirektoratet.no/tema/velferdsteknologi

Ved spørsmål om prosjektet kan du ta kontakt med Søre Sunnmøre legevakt.


 

Artikkelliste

Kontakt

Karianne Sveen Orvik
koordinator velferdsteknologi
E-post
Mobil 90 82 26 27