Velkomen til Volda

Velkomen til Volda

Volda i hjartet av Søre Sunnmøre, ein god stad å leve og bu

Volda, – studiebygda Volda, er ein god plass å leve, både for fastbuande og studentar.

Om du er nytilflytta ønsker vi deg hjarteleg velkomen!

Om Volda

Dei siste åra har det vore ei rivande utvikling i Volda og mange nye bygg har kome opp. Vi har fått eit av landet sine beste idrettsarenaer, nye skulebygg, nytt reinesanlegg og nytt vassverk. Nye brannstasjonar er på plass og sikrar tryggleiken. Studentane våre kan bu rimelegast i landet i nyte nye flotte studentbustadar. 

Vi har flott gjestebrygge, ny bubilplass og gode rekreasjonsområder midt i sentrum. Nokon av dei største kjedene i landet har valt å etablert seg i bygda vår. 

Volda byr på både gode arbeidsplassar, studieplassar og ikkje minst eit stort mangfald av fritidsaktivitetar. Her er noko for einkvar, uansett kva interesser du har.

I Volda har vi regionsenterfunksjonar for Søre Sunnmøre. Her finn du Volda og Ørsta lufthav, Volda sjukehus, Søre Sunnmøre tingrett og Høgskulen i Volda.

Volda som ligg ved dei majestetiske Sunnmørsalpane byr på fjellturar, både på dei ekstreme tindane og dei lettare familieturane. Her finn du gode fiskevatn og elvar, idylliske fjordar og koselege tettstadar. Frå Volda når du museum, kulturelle tilbod og musikk-opplevingar, ulike sportsaktivitetar, vassport, klatring og buldring, paintball, trial, fiske, bading, båttur, fugling, tinde-rangling og maritim kystnatur.

I Volda finn du Hornindalsvatnet som er den djupaste innsjøen i Europa. Ei historie fortel at det bur ein diger sjøorm i vatnet.

Bjørkedalen er spesielt kjent for båtbyggartradisjon og vikingskip. Boktrykkarkunsten kom tidleg til Volda, og vi har den eldste avisa på landsbygda i Norge. Volda har lange skuletradisjonar, høgskule og sjukehus.

Student i Volda

Vi ønsker alle studentar velkomne til studiebygda Volda! Vi vonar at du finn deg godt tilrette her og finn aktivitetar og tilbod som du har glede av.

I Volda er det godt med tilgang på bustadar for studentar. Studentsamskipnaden tilbyr gode studentbustadar fleire stadar rundt om i bygda. I 2019 og 2020 sto nesten 200 flunkande nye bustadar klare til å ta imot studentar i Volda. 

Ei undersøking på landsbasis viser at studentbustadar i Volda er dei billigaste i landet. Les meir om det her (hivolda.no).

Volda kommune tek imot studentar som skal ha praksis med opne armar. Kommunen har eit godt opplegg for, og har brei erfaring med å ha studentar i praksis. 

Her finn du nyttige og praktiske opplysningar for deg som er student i Volda  

Søk om Voldakortet på 5 000 kroner for studentar

Fritidsaktivitetar

Samleside for ulike fritdsaktivitetar (friskus.com)

– her kan lag og organisasjonar legge inn sine tilbod og du kan finne noko som akkurat du har lyst til vere med på

Utlånssentral/BUA

Treng du å låne sports- og friluftsutstyr? Det kan du låne heilt gratis på Hornindal utstyrsbank og BUA Volda. 

Attraksjonar i Volda

Her har vi forsøkt å samle informasjon om ulike attraksjonar og tilbod. 

Har du eit tilbod som burde vore med her? 

Send e-post til: info@volda.kommune.no

Turkart og turforslag

På desse sidene finn du turskildringar 

StikkUt

Morotur

Transport og reiseplanlegging

Kommunale bustadtomter

I Volda kommune er det godt med ledige kommunale bustadtomter. Vi har mange byggefelt der du kan bygge draumehuset ditt. 

Her er oversikt over ledige tomter og anna nyttig informasjon om korleis du kan søkje om tomt.

 

Faktaboks:

Dei 10 høgaste toppane i Volda kommune er:

  1. Kvitegga (1717) Grensefjell mellom Volda og Stranda. Høgda er målt topp breen.
  2. Storhornet (1600)
  3. Jakta (1588)
  4. 1575-høgda. (1575) Ligg mellom Storhornet og Rokkekjerringa.
  5. Risenosa (1573)
  6. Rokkekjerringa (1543)
  7. Hornindalsrokken (1529)
  8. Kårdalstindane (1490)
  9. Kalveskrednipa (1488)
  10. Eidskyrkja (1482)